ØyBlikk
2 minutter lesetid

– Ein familiefar for heile landet vårt

To innbyggarar løftar fram at Harald V var samlande, humoristisk og eit godt menneske.

– Eg kjenner det veldig i kroppen. I dag har eg tatt på meg det finaste eg har, seier Sonja Skoge.

Saka held fram etter annonsen

Ho er kledd i heilsvart, og ØyBlikk møter henne då ho luftar hunden sin ved Vigra kyrkje.

– Eg følte for å kle meg i dette i dag. Han var veldig samlande og eit veldig godt menneske, seier ho om Harald V.

Ho fortel at mor hennar var veldig opptatt av kongen og Kongehuset. Harald V gjekk bort dagen før bryllaupsdagen sin. Akkurat det var spesielt for Sonja:

– Eg er fødd på bryllaupsdagen til Harald og Sonja, 29. august, og eg er faktisk kalla opp etter henne, avslører ho.

– Kva har Harald V betydd for deg personleg?

– Det betyr mykje at han var så samlande, og at han hadde så god og passande humor.

Saka held fram etter annonsen
Nokon har lagt ned blomar ved rådhuset.

– Eit stort førebilete

ØyBlikk møter også Cathrin Valderhaug utanfor Giske rådhus.

Samlande er det første ordet ho tenker på for å beskrive den avdøde kongen.

– Han var også eit stort førebilete, og han var ein familiefar for heile landet vårt. Engasjementet hans innan til dømes kultur og sport har vore viktig, dessutan stemma hans for dei som har det vanskeleg i samfunnet, seier ho.

Ho roser også evna han hadde til å tale for folket.

– Retorikken, og måten han får fram bodskapen på – også med humor og sjølvironi, har vore heilt unik. Han blir heilt sikkert sakna. Det står respekt av innsatsen hans.

Kondolanseprotokollen på Giske rådhus. (Foto: Andreas Hesselberg)