Retningslinjer for KI-bruk

ØyBlikk bruker kunstig intelligens (KI) som verktøy i det redaksjonelle arbeidet.

Målet er å effektivisere arbeidsprosessar, forbetre den journalistiske kvaliteten og nytte seg av fordelane som KI gir, mellom anna for enklare samling og samanstilling av informasjon frå omfattande saksdokument.

Sist oppdatert 12. august 2026

Per dags dato bruker ØyBlikk desse KI-verktøya:

  • Google Gemini
  • ChatGPT

Redaksjonelle medarbeidarar i ØyBlikk (inkludert frilansarar) forpliktar seg til følgjande retningslinjer for KI:

  1. KI-verktøy kan brukast til å finne, berike og supplere innhald i redaksjonelle artiklar, men ikkje som full erstatning for eigenprodusert tekst.
  2. KI kan brukast til oversetting og forbetring av tekstkvalitet.
  3. All KI-generert informasjon skal verifiserast opp mot underliggande kjelder.
  4. Ein skal alltid verifisere at alle sitat er gjengitt korrekt frå kjeldegrunnlaget.
  5. All KI-generert informasjon skal handsamast med varsemd og eit kritisk blikk, i samsvar med presseetiske retningslinjer.
  6. Dersom hovudvekta av ein redaksjonell artikkel består av KI-generert tekst, skal dette bli opplyst om i artikkelen. Ved bruk av KI i førebuing av artiklar, er det på generelt grunnlag ikkje naudsynt å opplyse om at KI har blitt brukt til informasjonsinnhenting eller oversetting.
  7. Redaktør har ansvar for gjennomlesing og godkjenning av alle artiklar før publisering.
  8. Personlege eller sensitive opplysningar frå til dømes saks- eller innsynsdokument skal ikkje delast med KI-tenester utan godkjenning frå redaktør.
  9. Ein skal unngå bruk av KI-genererte bilete. Om ein likevel skal bruke dette som illustrasjonsbilete, skal det godkjennast av redaktør, og det skal framgå tydeleg at illustrasjonsbildet ikkje kan forvekslast med eit ekte bilete.
  10. Redaktøransvaret gjeld for alt publisert stoff i ØyBlikk, inkludert innhald der KI har vore involvert som verktøy.

Elles gjeld dette på generelt grunnlag:

ØyBlikk arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg ramma av urettmessig medieomtale, blir oppmoda om å ta kontakt med redaksjonen.

Pressens Faglege Utval (PFU) er eit klageorgan som handsamar klager mot media i presseetiske spørsmål. For informasjon om klageadgang, sjå Presse.no

ØyBlikk har forplikta seg til å følge Redaktørplakaten. Plakaten seier mellom anna: «Redaktøren skal fremme fri informasjonsformidling, og ein open, reieleg og sanningssøkande journalistikk. Det er redaktøren sitt ansvar å sørge for eit tydeleg skilje mellom fakta og meiningsinnhald, og at det klart går fram kva som er redaksjonelt innhald og kva som er kommersielt materiale.»