Opnar kyrkjene: Innbyr til stillheit og ettertanke
Valderøy, Giske og Vigra kyrkjer vil halde opent frå klokka 12–20 fredag.
Kyrkjene vil også legge ut kondolanseprotokoll, opplyser sokneprest Gunnhild Roaldsnes Bremer til ØyBlikk.
– Vi gjer dette for å gi innbyggarane ei moglegheit til å finne ein stad for stillheit og ettertanke. I kyrkjene blir det også vertskap, slik at ein kan ha nokon å snakke med om ein vil det, fortel ho.
Saka held fram etter annonsen
– Kvifor er det viktig for dykk å opne kyrkjene?
– Vi vil gjere det i takksemd for å minnast ein konge som hadde stor kjærleik for folket sitt og kyrkja. Vi vil minnast han som var opptatt av at vi skulle samle oss og ta vare på kvarandre. Det gir vi moglegheit til i kyrkja når vi er i sorg.
Kyrkjeklokkene vil ringe frå klokka 12–13 fredag.


