ØyBlikk
1 minutt lesetid

Fekk dødsbodskapen i kyrkja: – Eg fekk gåsehud over heile kroppen

Turistane Mary og Adam fekk oppleve ein litt annleis dag på Giske enn dei hadde sett føre seg.

Cruiseturistane Mary og Adam frå Coventry i England besøkte Giske kyrkje fredag. Dei blei veldig overraska då dei gjekk innom kyrkja og fekk vite at kongen i Norge hadde gått bort.

Saka held fram etter annonsen

– Då fekk eg gåsehud over heile kroppen, fortel Mary som var tydeleg prega av bodskapen.

Ekteparet kjenner ikkje så mykje til Harald V frå før, men var raskt ute med å seie «We are so sorry for your loss» då ØyBlikk var innom kyrkja.

– Utruleg trist

Dei synest det var ei spesiell oppleving å få ein slik bodskap midt oppi feriedagen deira.

– Vi har ikkje lest norske nyheiter, så dette var overraskande for oss og utruleg trist, seier Mary.

– Dette har vore ei merkeleg veke med dødsfall blant fleire celebritetar, legg Adam til og nemner mellom anna Dolly Parton.

Begge turistane signerte kondolanseprotokollen i Giske kyrkje.