Han kunne møte mykje med fleip – men han fleipa aldri noko bort
Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.
Vår kjære konge er død. Harald V hadde ein heilt unik eigenskap: Herleg humor blanda med godt formulert alvor.
Saka held fram etter annonsen
Aksept, toleranse, menneskeverd, sympati og empati er oppsummerande stikkord for kven Harald V verkeleg var.
Han kunne møte mykje med fleip – men han fleipa aldri noko bort.
Vi er alle i sorg over Harald V sin bortgang. Hans menneskelege eigenskapar er verdiar vi må gjere alt for å behalde i det norske samfunnet for framtida.
I respekt for hans bortgang vil ØyBlikk ikkje publisere ordinære nyheitssaker i dag eller gjennom helga.
Vi lyser fred over Harald V sitt minne.

