ØyBlikk
2 minutter lesetid

Rørt ordførar: – Han har treft så godt med dei menneskelege verdiane

På kontoret til ordførar Kenneth Langvatn heng eit bilde av Harald V og dronning Sonja. At monarken no har gått bort, rører ordføraren.

– Det er med stort vemod at meldinga om bortgangen kom. Han var ein folkekonge og landsfader for vår tid, seier Langvatn til ØyBlikk på rådhuset fredag føremiddag.

Saka held fram etter annonsen

Blomsterhavet på Slottsplassen, allereie dagen før Harald V gjekk bort, er talande i seg sjølv, meiner ordføraren:

– Det seier noko om kva plass han hadde i alle nordmenn sine hjarte. På vegner av alle innbyggarar i Giske sender vi alle våre tankar til dronning Sonja, vår nye monark kong Haakon VIII og resten av kongefamilien.

Roser verdiane

– Kva har Harald V betydd for deg personleg?

Langvatn blir synleg rørt av spørsmålet.

– Han har vore eit stort bindeledd i det han har sagt i talane sine, og han har treft så godt med dei menneskelege verdiane; at vi må vere gode med kvarandre, gode medmenneske og akseptere at vi alle er ulike. Dei verdiane er det veldig flott at eit statsoverhovud uttrykker ofte. Eg er utruleg takksam for den kongen vi har hatt.

– Kva tenker du om tronarvingen si rolle framover?

– Eg vil seie det slik Harald Stanghelle sa om tronskiftet i 1991; ein trudde det ville vere umogleg å fylle Olav V sine sko, men så ser vi at Harald V gjorde nettopp det med glans. Og kong Haakon er fødd inn i ein familie som har gode verdiar, han har evne til å gjere ein veldig god jobb som monark og landsfader. Eg er sikker på at han vil fylle den rolla fint.