PST kursa ØyBlikk
Sist veke var ØyBlikk-redaksjonen på kurs i Ålesund. Tema var mellom anna forsvar og beredskap.
Redaksjonane i ØyBlikk og tre andre lokalaviser fekk innblikk i korleis Politiets sikkerhetstjeneste (PST) arbeider med radikalisering og trusselhandtering i Norge, samt korleis trusselbildet har endra seg fram til i dag.
PST vektla også at dei gjerne vil vere ein sparringpartnar med media og oppmoda redaksjonane til å nytte dei som kjelde og rådgivar når ein skriv redaksjonelle artiklar om slike tema.
Det blei fortalt at PST ser ein auke i radikalisering i heile Norge, spesielt blant mindreårige.
Korleis bedrifter kan sikre seg mot ulike truslar, var også på agendaen.
Kurset blei halde på PIR Cowork i Ålesund og var eit samarbeid mellom Utsyn – senter for sikkerheit og totalforsvar, PST og Landslaget for lokalaviser (LLA).
I fjor lanserte Giske kommune ein eigen rettleiar som skal bidra til å hindre radikalisering.



