Ordføraren med helsing: – Vi er alle så glade i han
Ordførar Kenneth Langvatn er uroa for kongen sin helsetilstand.
– Eg kjenner meg kjensleladd når meldinga om kongen sin alvorlege helsetilstand kjem frå Kongehuset, seier han til ØyBlikk torsdag.
Saka held fram etter annonsen
– Kongen står folket nært, vi er alle så glade i han. Då kjem kjenslene lett fram når slike meldingar kjem. På vegner av folket i Giske sender eg varme tankar til kongen, og heile kongefamilien som står nærast han i denne alvorlege stunda.



