ØyBlikk
1 minutt lesetid

Leitte etter rømling: Blei pågripen måndag kveld

Politiet sette i verk store ressursar for å leite etter ein mann som rømte frå politiarresten måndag ettermiddag.

Seint på kvelden blei mannen funne etter tips frå publikum.

– Han blei pågripen klokka 23:30 utan dramatikk på open gate på Aspøya, opplyste operasjonsleiar Arild Even Reite i politiloggen seint måndag kveld.

Saka held fram etter annonsen

Politiet hadde store ressursar i sving og brukte om lag ti timar på å finne mannen. Leitinga var konsentrert rundt Ålesund sentrum og i området Aspøy.

Folk som hadde observasjonar av mannen blei bedt om å tipse politiet.

– Mannen er sikta for ei rekke lovbrot, mellom anna alvorleg vald og truslar. Ikkje oppsøk vedkomande ved observasjon, men kontakt politiet umiddelbart, skreiv Sindre Molnes i politiloggen tidleg på dagen.