ØyBlikk
2 minutter lesetid

Har DU ein kjekk hobby? Kontakt oss!

ØyBlikk vil løfte fram fleire hobbyar og menneske i lokalsamfunnet vårt.

Det finst mange slags hobbyar. Nokre samlar på bruskorkar, nokre driv med hagearbeid, nokre snikrar vakre figurar og andre bakar eller driv med noko heilt anna.

Saka held fram etter annonsen

Uansett: Ein hobby er verdifull å ha for alle menneske, både små og store. Hobby er livsglede.

No har ØyBlikk lyst til å løfte fram fleire hobbyar og menneske i lokalsamfunnet vårt, til inspirasjon og glede for lesarane.

Vil DU snakke høgt om din ordinære eller litt sære hobby i ØyBlikk? Ta kontakt med oss på redaksjon@oyblikk.no, så kjem vi gjerne på besøk for å lage ein reportasje. Vi vil gjerne treffe både barn, ungdom og vaksne!

Bli med på å vise fram arsenalet av hobbyar ein finn i kommunen vår!