ØyBlikk
2 minutter lesetid

Tid for ei dagsturhytte i Giske?

Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.

I Giske kommune finst det mange gode turdestinasjonar, stiar og gapahukar. Men éin ting, som det har begynt å florere av fleire stadar i landet, manglar: Dagsturhytte.

Saka held fram etter annonsen

Ei dagsturhytte kan vere eit handfast turmål som kan motivere fleire ut på tur, uansett vêrforhold. Der kan nistepakka nytast i ly for vêret, ein kan fyre i omnen, bla i nokre hyggelege turbøker og rett og slett berre nyte ei god utsikt medan regnet piskar på ruta.

Eit tur-eldorado som Giske kommune fortener ei slik hytte. Eg vil foreslå Molnesfjellet på Vigra: Ikkje for lang tur, ikkje for kort, og potensial for ei spektakulær havutsikt.

Utfordringa går hermed til DNT Sunnmøre, Sunnmøre friluftsråd, Sparebanken Møre, frivillige lag i Giske, grunneigarar, Giske kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Om mange krefter slår seg saman, kan kanskje noko slikt stå ferdig til neste sommar?