ØyBlikk
2 minutter lesetid

ØyBlikk lanserer retningslinjer for KI-bruk

Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.

Kunstig intelligens (KI) har gjort sitt inntog, også i norske lokalavisredaksjonar. Vi i ØyBlikk-redaksjonen tar lesarane på alvor og har dermed utarbeidd retningslinjer for korleis vi skal bruke KI i redaksjonelt arbeid.

Saka held fram etter annonsen

Det viktigaste med retningslinjene, som kjem som eit tillegg til vår forplikting til å arbeide etter Ver Varsam-plakaten og Redaktørplakaten, er at alle våre lesarar skal føle seg trygge på at ØyBlikk presenterer etterretteleg og sann informasjon, siterer kjelder korrekt og verifiserer at all informasjon som blir publisert er korrekt.

På den måten gjer vi vårt for at lesarane framleis skal ha tillit til ØyBlikk som lokalavis. Vi takkar alle abonnentar for tilliten vi har fått.