Når det er taust, er det noko muffens
Giske kommune nektar å gi informasjon om oppfølging av klagesak. Det kan utgjere eit stort problem for innbyggarane sin tillit til den kommunale forvaltinga.
Dette er ein kommentar som gir uttrykk for skribenten sitt eige syn.
Giske kommune fekk ei alvorleg klagesak på bordet i april. Beskjeden frå Statsforvaltaren var klar: Ta ein intern gjennomgang innan 28. mai.
Men kommunen vil ikkje fortelje til ØyBlikk korleis klagen er følgd opp overfor klagaren, kva kommunen har konkludert med og kva tiltak eller oppfølging som eventuelt har blitt gjort internt.
Openheit er essensielt dersom kommunal forvalting skal behalde innbyggarane sin tillit. Det er ikkje snakk om å utlevere sensitiv informasjon, men å gi meir informasjon om kva kommunen har lært av denne saka, om kommunen har gjort noko feil og korleis klagaren er følgt opp.
Ein kjem betre ut av openheit enn å halde korta tett til brystet. Innbyggarar fortener å få vite om kommunen har gjort noko feil og om saka har utløyst kvalitetsforbetrande tiltak i helsetenesta som kan skape presedens for ettertida.
Når det er taust, er det noko muffens. Det er i høgste grad arrogant å halde informasjon tilbake.


