ØyBlikk
2 minutter lesetid

God sommar!

Redaksjonen i ØyBlikk tar ferie frå 13. juli til 2. august. Vi er tilbake på kontoret måndag 3. august.

Saka held fram etter annonsen

Men fortvil ikkje: Det kjem papiravis også 16. juli, spekka med godt sommarstoff, og vi har førebudd nær 30 saker som blir publisert i nettavisa i perioden vi har ferie. Mellom anna får du servert spalta «Min sommar» gjennom dei neste vekene.

Vi håpar du kosar deg med godt lesestoff i nettavisa vår i denne perioden!

Neste papiravis etter 16. juli kjem torsdag 6. august.

God sommar, med beina opp og tennene i grillmaten!

Skjer det noko kjekt i Giske i sommar? Send oss gjerne nokre ord og bilde om hendinga, så kan det kome på trykk i spalta «Innsendt». Tips oss også gjerne på redaksjon@oyblikk.no