Av John Egil Turbekkmo, på vegner av Valderøy Pensjonistlag
Den 29. oktober samla Valderøy Pensjonistlag nokre engasjerte innbyggjarar til eit møte på Giske Frivilligsentral for å diskutere eldreomsorga i kommunen. Bakgrunnen for møtet var bekymringsmeldingar både til Pensjonistlaget og Eldrerådet, og følgende saker vart tatt opp.
Venteliste for langtidsplassar ser ikkje ut til å eksistere, noko som gjer det vanskeleg å få eit klart bilete av behovet. No får folk svar på søknaden sin, for deretter å måtta søkje på nytt ved avslag. Vi frykter derfor at det kan vere store mørketal her.
Spm. 1: Kva er behovet for langtidsplassar?
Spm. 2: Kor mange har søkt og fått avslag på langtidsplassar siste året?
Spm. 3: Er tildelingskriteria for harde, og korleis blir dei bestemt?
Spm. 4: Er omsorgssentera fulle, kva er planane for dei næraste åra?
Spm. 5: Kor mange langtids- og korttidsplassar har kommunen?
Hustruhamna vart stengd for omtrent to år sidan, noko som framleis er vanskeleg å forstå fordi ho av mange vart rekna som den flottaste avdelinga, mykje takka vere alt det frivillige arbeidet som vart lagt ned der.
Både administrasjonen og ordføraren sa at avdelinga vart nedlagd fordi det ikkje lenger var bruk for ho, noko Valderøy Pensjonistlag var og er uenige i. Som ein innbyggjar så treffande sa det: «Hustruhamna var ein kjempeplass, og kommunen går i feil retning».
Vi må og hugse at det var folket som bygde Hustruhamna, og at den vart gitt
til kommunen av foreningane som stod bak. Då er det ekstra trist å sjå korleis denne gåva har vorte teke vare på.
Spm. 6: Kva er planane for Hustruhamna?
Verdigheitsgarantien forplikter kommunen til å legge til rette for ein eldre-omsorg som sikrer den enkelte eit verdig og meiningsfullt liv.
Verdigheit må takast på alvor, for det er allereie for få hender til å ta seg av dei
som treng det. Det er vondt å høyre om enkelte som må oppleve uverdige situasjonar, og ikkje eingong får ein prat med dei som kjem innom fordi dei ikkje lenger har tid.
Dette er veien mot ein kaldare eldreomsorg, der det meste skal gå via «apper», andre tekniske hjelpemiddel og på tid. Vi må få meir varme og mennesklighet tilbake i eldreomsorga, ellers går det frå eldreomsorg til eldreoppbevaring.
Spm. 7: Vil kommunen auke omsorgstjenesta med fleire hender?
Helsearbeidere/sjukepleiere – Mange i pleie og omsorg har et hardt tids- og arbeidspress, og må forhalde seg til mange ulike oppgåver og plassar samtidig. Når dei og kjem heim etter arbeid med dårleg samvit, slit det ut folk både fysisk og psykisk.
Spm. 8: Kor mange av kommunens helsearbeidere/sjukepleiere har fast stilling, og er det mange som ønsker det?
Budsjett – Enda talet på eldre går opp og talet på dei som skal hjelpe går ned, er foreslått budsjett 2025 for pleie og omsorg omtrent uforandra frå 2024.
Spm. 9: Er dette forsvarleg, og kva blir innvirkninga på «bu trygt heime reforma»?
Språk, akuttplassar, pårørende, utilgjengelig og eldreboligar
Spm.10: Har kommunen språkkrav til arbeidarane i omsorgstenesta?
Spm. 11: Har kommunen akuttplassar tilgjengeleg?
Spm. 12: Har kommunen noko hjelp/støtte for pårørende?
Spm. 13: Blir det og hjelpt dei «ikkedigitale» som kontakter kommunen?
Spm. 14: Har kommunen planar om ulike typer bustader tilrettelagt for eldre?
Spm. 15: Blir det noko av den omsnakka utbygginga på Ytterland, som også skulle tilretteleggast eldre?
Brevet er sendt til Giske kommune v/ordførar med kopi til Giske eldreråd v/leiar, Pensjonistforbundet M&R og lokalavisa ØyBlikk.
Valderøy Pensjonistlag ser fram til gode svar frå kommunen.
Dette er ei ytring. Ytringa gir uttrykk for skribenten si haldning. Send oss gjerne ytringar på ytring@oyblikk.no