Eva Thor frå Valderøya har delt dette bildet med oss på Instagram. Ho har vore på ramslaukjakt for å lage pesto, og ho kom heim med 560 gram av den grøne nytteveksten. Ifølgje nettstaden Plukkselv.no er ramslauken ein skikkeleg gourmetlauk som er veldig god på smak og ulik all anna lauk. Denne lauken veks ofte i tette teppe og kan dekke skogbotnen over eit stort område. Og ramslauk finst openbert i Giske kommune, så då er det berre å hauste inn.
Saka held fram etter annonsen
Vil du få bildet ditt i avisa? Tagg oss med #øyblikk på Instagram eller send bildet til redaksjon@oyblikk.no