Jau, ein finn mykje rart på Netflix, men ein finn også noko som set både kreativitet og gründerånd i bevegelse.
Ein hyggeleg plakat heng på døra til Joker Godøy, tydeleg inspirert av TV-serien «Barnevaktklubben» som er basert på ein bokserie av Ann M. Martin. Bøkene er faktisk selde i over 190 millionar eksemplar, ifølgje Wikipedia.
Fem tiåringar på Godøya (nærare sagt Sofia, Lilly, Olivia, Adele og Ada, ut ifrå det vi kan tolke av plakaten) har starta sin eigen barnevaktklubb! Slike initiativ må ein sjølvsagt rose og få fram i lyset. Vi pleier ikkje å nemne prisar i redaksjonelle saker i ØyBlikk, men her gjer vi eit unntak: Det kostar 70 kroner dagen.
Så då er det berre å ta kontakt med jentene. Dei sit truleg samla og utolmodige på eit barnerom og ventar på at mobilen skal ringe.
Vil du få bildet ditt i avisa? Tagg oss med #øyblikk på Instagram eller send bildet til redaksjon@oyblikk.no