Ina Giske sende oss eit nydeleg bilde sist fredag: Ein hestehov skottar opp mot himmelen og sola, omslutta av grønt gras. Vi fekk lyst til å kople bildet saman med eit anna bilde av hestehov, knipsa 21. april. Vi strekk oss så langt som å hevde at denne bildemontasjen gir oss eit sunt (og kanskje nødvendig) blikk på at alle er like verdifulle og kan blomstre, uansett kva vilkår ein har frå starten av livet sitt. Løvetannbarn er eit kjent omgrep, og det finst (heldigvis) mange eksempel på at barn som har hatt nærast umoglege oppvekstforhold har fått blomstre og finne seg til rette i sitt eige liv. Det kan ein la seg inspirere av, for løpet er aldri køyrt; det finst alltid håp.
Som Alf Prøysen skriv i songen «Jørgen Hattemaker»:
Om leiet blir forskjellig frå silkeseng tel strå, vi går mot såmmå paradis og hører harper slå.
Vil du få bildet ditt i avisa? Tagg oss med #øyblikk på Instagram eller send bildet til redaksjon@oyblikk.no