ØyBlikk
2 minutter lesetid

– Isopor kan ikkje brukast

VEKAS FOTO: Bente H. Fiskerstrand frå Plastfritt Hav har sendt redaksjonen eit par bilde og vil minne innbyggarar i Giske om at isopor (EPS) ikkje skal brukast dersom det er i direkte kontakt med vatn, til dømes på flytebrygger som vist på bildet.

Saka held fram etter annonsen
ANNONSE

– Isopor-kular er eit mareritt å plukke for oss strandryddarar, og fuglar og dyr trur det er mat. Då fyller dei opp magen med ufordøyeleg materiale. Ikkje ser det fint ut heller, der det ligg mellom tang og tare, skriv Fiskerstrand til ØyBlikk.

Ho oppmodar eigarar av til dømes slike flytebrygger om å ta slikt ut av bruk og bevisstgjere seg på lovverket og den forureinande effekten.

Vil du få bildet ditt i avisa? Tagg oss med #øyblikk på Instagram eller send bildet til redaksjon@oyblikk.no

Slik kan det sjå ut når isoporen smuldrar opp. (Foto: Bente H. Fiskerstrand)