Det skjer tidvis spanande ting på taket av Øysenteret på Valderøya. Her kan måkene stort sett vere uforstyrra, med unntak av når gardeigarane spyler taket eit par gongar i året.
Saka held fram etter annonsen
Og det å få vere uforstyrra gir resultat: Desse to krabatane har vist seg fram dei siste dagane. No tuslar dei fram og tilbake på taket medan mora vaker over dei. Vi får håpe at livet vil dei vel.