VEKAS FOTO: Å kløyve ein vedkubbe full av kvist er ikkje berre berre, og for nokre av oss kan det kome både den eine og den andre glosen i når vi forsøker å få has på rukkelet. For andre kan det ut or inkje dukke opp nærmast tredensjonal poesi, som med denne vedkubben. I alle fall om ein bruker fantasien. Er det ein lurvete skarvunge, eller ein hittil ukjend dinosaurart? Opphavsmannen, Roger Oksavik, set meir jordnærte ord på det:
Saka held fram etter annonsen
«Når ein gjenstridig kubbe
møter ein gjenstridig gubbe,
kan resultatet bli som her.»