Denne gongen er vekas foto ein fotokonkurranse!
Om ikkje så mange vekene kan vi synge Kirsti Sparboe sine velkjente strofer «En sommer over over, men minnene om den består». Og sjølv om Tomas Ledin syng «Sommaren är kort, det mesta regnar bort», så har vi hatt mange fine soldagar som bør vere tilstrekkelege for å lade opp til både hausten og vinteren. Sjølvsagt kan også august by på fine soldagar, og det gjeld å nyte nået, når sola faktisk er framme, slik Ledin også understrekar i songen sin.
Mange har sikkert vore på tur i nærområdet sitt eller andre stadar i Norge eller utlandet i sommar. Det har òg redaktøren. Klarer du å sjå kor bildet er tatt? Vi kan røpe såpass mykje at denne plassen ligg seks kilometers køyring frå sentrum av ein norsk by. Nokre fleire hint: Grilldress, viktig pilegrimsstad i katolsk tid og 8 timer og 25 minutters køyring frå Giske (avhengig av trafikkforhold).
Gjettar du rett, er du god! Då er du også med i trekninga av fire Flax-lodd og får æra av å figurere på vekas foto i neste veke.
Send oss forslaget ditt til redaksjon@oyblikk.no innan tysdag 13. august.
Vi håpar at sommaren har gitt deg inspirasjon og krefter til både hardt og viktig arbeid gjennom hausten og vinteren. Hugs at du er viktig der du er.
Vil du få bildet ditt i avisa? Tagg oss med #øyblikk på Instagram eller send bildet til redaksjon@oyblikk.no