Tysdag var det ein draumedag i Norlandia Sætra barnehage: Då kom Turbo-bamsen på besøk i anledning TurboTråkk.
Det er Den Norske Turistforening (DNT) som arrangerer TurboTråkk som ein turdag for barnehagar. Då blir barnehagane invitert til å gjennomføre ein tur i sitt eige nærmiljø, med materiell og tips til gjennomføring frå DNT.
– Det er første gongen vår barnehage er med. Vi valte å vere med fordi vi meiner at fysisk aktivitet og uteliv er noko som er viktig å ha fokus på i arbeidet med barn, seier barnehagelærar Sunniva Vedde Giske til ØyBlikk.
Lærerikt
Det var barna i førskuleklubben som fekk æra av å gå på tur denne gongen. Vedde Giske fortel at det er nyttig at desse barna kan bli kjende i nærmiljøet og oppleve meistring ved fysisk anstrenging.
– Ein kan kome opp i lærerike situasjonar som trafikkreglar og reglar i naturen, som til dømes å ikkje kaste søppel i naturen, navigere i ulendt terreng og seie «hei» til andre som går på tur, seier ho.
Med TurboTråkk-banner, rebus og turbingo blei det ein herleg tur for ungane.
– Vi hadde rebus-postar på veg til Skjonghelleren. Barna syntest det var veldig spennande, og vi koste oss med pølser og Kvikk-Lunsj på rasteplassen. Då vi kom tilbake til barnehagen, fekk vi besøk av Turbo-bamsen, sidan vår barnehage var så heldig å bli trekt ut til å få besøk av han. Han delte ut diplom og dansa Turbo-dansen med ungane. Ein fantastisk dag, avsluttar Sunniva Vedde Giske.
Vil du få bildet ditt i avisa? Tagg oss med #øyblikk på Instagram eller send bildet til redaksjon@oyblikk.no