Endeleg kom Epos!

Etter at Litteraturbåten Epos fekk motorhavari i april, var det omsider klart for besøk av «bokbåten» i Giske kommune i førre veke. – Det blei ein nydeleg dag, seier biblioteksjef Berit H. Hjertø.
Det er Stiftinga Litteraturbåten Epos som driv tilbodet. Båten køyrer land og strand rundt, og dei inviterer skuleklassar til kulturelle opplevingar om bord. Førre veke fekk alle fire øyane i Giske besøk av båten.
– Båten la til på kvar øy, og ungane på dei minste barneskuletrinna fekk kome om bord for å oppleve forteljarframsyninga «Ylva og villgeitene», fortel Berit H. Hjertø.
Framsyninga tar utgangspunkt i Hilde Myklebust si bildebok med same namn og er omarbeidd til ei framsyning av regissør Adele Duus og skodespelar Lina Fjørtoft. Musikken er spesialskriven av Annlaug Børsheim og Hilde Myklebust, opplyser biblioteksjefen.
– Til saman 289 elevar med lærarar var om bord på dei fire stoppa. Det blei ein nydeleg dag, avsluttar Hjertø.
Vil du få bildet ditt i avisa? Tagg oss med #øyblikk på Instagram eller send bildet til redaksjon@oyblikk.no