Vinnaren av førre vekes fotokonkurranse blei Britt Kristin Synnes frå Vigra. Ho kom fram til at redaktøren har vore på sommartur til Løvøya ved Horten.
Løvøya er ei øy som ligg i underkant av ti minutt køyring nordvest for Horten sentrum. Her ligg 1200-tals-kyrkja Løvøy kapell med St. Olavsbrønnen, som var ein viktig pilegrimsstad på Austlandet (derav hintet «viktig pilegrimsstad i katolsk tid»).
Det tok ikkje så lang tid for Britt Kristin å finne ut av dette:
– Eg berre googla litt, så då fann eg ut av det etter kvart og tenkte at det måtte vere Løvøya, seier ho over telefonen til ØyBlikk.
Ho har sjølv ikkje vore i Hortensområdet, men fekk god hjelp av både pilegrimshintet, hintet «grilldress» som peikar på Løvøy Camping og hintet «8 timar og 25 minutt køyring frå Giske». Fire Flax-lodd er no på veg til postkassa hennar.
Det var berre to personar som sende oss riktig svar. Den andre var Ane Blindheim Brandtzæg. Ho fann det ut fordi redaktøren hadde lagt igjen eit digitalt spor (som vi ikkje avslørar her!) og verifiserte dette ved bruk av Google Street View. I tillegg fann mannen ut kor det var ved hjelp av KI.
Vil du få bildet ditt i avisa? Tagg oss med #øyblikk på Instagram eller send bildet til redaksjon@oyblikk.no