ØyBlikk
2 minutter lesetid

Dette er rådyr(t)!

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Tulipanar, krokus, frukttre, roseknoppar og grønsaker: Menyen til rådyra er ganske stor, og det kan sjølvsagt bli rådyrt dersom dei spis opp det du har planta i hagen. Men NTNU Ringve botaniske hage i Trondheim veit råd: Dei anbefaler å dusje plantene med ei blanding av egg, chili og kvitlauk, ifølgje nettsida hjortevilt.no. Det skal halde rådyra på avstand.

Saka held fram etter annonsen

NTNU Ringve botaniske hage sin anti-rådyrspray:

  • 1 toppa ts chilipulver
  • 1 toppa ts kvitlaukspulver (NB: ikkje kvitlaukssalt)
  • 3 egg
  • Vatn

Hell 1 liter kokande vatn over chili- og kvitlaukspulveret, og la dette trekke eit par timar til blandinga er avkjølt. Knekk oppi 3 egg og pisk deretter rundt med ein stavmiksar til alt er godt blanda. Fyll opp vatn til 3 liter – hell på ei handspruteflaske og spray på plantene.

Ein kan òg køyre egg, tabasco, kvitlauk og vatn i ein blender, ifølgje nettsida hus.no. Dei anbefaler òg å urinere jamleg (!) på områda i hagen som ein vil beskytte. Truleg er sistnemnde ikkje like populært for naboar.

Vil du få bildet ditt i avisa? Tagg oss med #øyblikk på Instagram eller send bildet til redaksjon@oyblikk.no