ØyBlikk
1 minutt lesetid

Ålesund it is!

Ja, sjølvsagt er det Ålesund som er fiskerihovudstaden i Norge! Det er jo ikkje noko nytt, men no vil Ålesund Sentrumsforening setje eit stort utropsteikn bak dette. Det gjer dei ved å lansere ein ny festival ved namn Ålesund sjømatfestival, som skal feire og framheve Ålesunds rike maritime arv og sjømatindustri.

Saka held fram etter annonsen
ANNONSE

Festivalen skal gå føre seg i april neste år, samstundes med ByTorsken.

– Saman skal vi styrke stoltheita blant lokalbefolkninga og tiltrekke oss besøkande frå heile verda, uttalar dagleg leiar i Ålesund Sentrumsforening, Lisa Mari Sæther, i ei pressemelding. Ho legg til at målet er å setje Ålesund enda meir på kartet for sjømaten som blir produsert her i regionen. Berre det gjer det jo verdt å dra fram eit flott fiskarfoto som vekas foto, synest vi! Fotografen er mellom anna kjent for undervassfotografi, og han er i tillegg forfattar og omsetjar.