ØyBlikk
2 minutter lesetid

Over 2,5 millionar kroner!

Når ein følgjer med på spleisen for barnedemens-saka, kan ein få inntrykk av at beløpet stig like raskt som verdien av oljefondet.

Innsamlinga som går til kampen mot barnedemens har tatt heilt av: I løpet av få dagar passerte beløpet to millionar kroner, og i skrivande stund er det samla inn over 2,5 millionar.

Saka held fram etter annonsen
ANNONSE

Denne veka har Syver Blindheim frå Valderøya vore på besøk hos Radio Ålesund, der han delte sine tankar.

– Pappahjartet bankar litt ekstra når Syver vågar å vise styrken sin ved å vere sårbar, skriv Øyvind Blindheim på Facebook etter besøket i studio.

Syver Blindheim har for alvor blitt rikskjendis gjennom NRK-programmet «Team Pølsa«.

Vil du få bildet ditt i avisa? Tagg oss med #øyblikk på Instagram eller send bildet til redaksjon@oyblikk.no