Frå juni og fram til no har ØyBlikk utfordra ni politiske parti i Giske, som stiller liste til valet, på ei rekke lokalpolitiske spørsmål. Kven har vore flinkast til å svare? Skilnaden er stor.
Valdekninga til ØyBlikk starta allereie i februar, då det nystarta Giske MDG fekk besøk av partileiar Arild Hermstad. I mars blei det også klart at Industri- og næringspartiet skulle starte lokallag og stille liste til valet.
I juni starta vi med spørsmålsrundar til dei lokale partia, der det første temaet var eigedomsskatt. Vi har til saman hatt sju spørsmålsrundar om saker som innbyggarar i kommunen er opptekne av.
No kan vi kåre ein vinnar og tapar! Kanskje kan resultatet vitne litt om kva for saker partia er opptekne av og samstundes danne eit bilete av kven som er mest på ballen i valkampen.
Desse partia har svart om følgande sju tema:
- Eigedomsskatt (KrF, Frp, H, V, Sp, Ap, TLG, MDG, INP)
- Vindmøller (KrF, Frp, H, V, Ap, TLG, MDG)
- Framtida for Ytterland, sak 1 og sak 2 (KrF, Frp, H, V, Ap, TLG, MDG)
- Sjukepleiarar og bemanning (KrF, H, V, TLG)
- Saker ungdom er opptatt av (KrF, H, V, Sp, TLG, MDG)
- Eldreplan og eldrepolitikk (KrF, Frp, H, V, Sp, Ap, TLG, MDG)
- Vinmonopol (KrF, Frp, H, V, Sp, Ap, TLG, MDG)
Desse partia har svart mest:
- 1) KrF, Høgre, Venstre og TLG (7/7)
- 2) MDG (6/7)
- 3) Frp og Ap (5/7)
- 4) Sp (4/7)
- 5) INP (1/7)
KrF, Høgre, Venstre og TLG delar førsteplassen, medan nykommaren Giske Industri- og næringsparti tar jumboplassen.