ØyBlikk
5 minutter lesetid

Kjem med valkampløfte: Lovar ekstramillionar til eldreomsorg

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Giske KrF, Frp, Sp og Ap går saman om eit løft: No vil dei spytte inn pengar til å ta i bruk fleire ledige omsorgsplassar, både korttids- og langtidsplassar. Dessutan ønsker dei meir ressursar inn i heimetenesta.

Etter eit møte tysdag kveld kom dei fire partia med ein felles uttale:

– Dei siste vekene har mange kontakta oss om vanskelege tider innan eldreomsorga og at innbyggarar opplever utrygg eldreomsorg. Vi høyrer om manglande hender og hender som ikkje får tid til å utføre jobben på den måten ein ønsker. Dette er vårt ansvar, og vi må gjere ei endring straks, heiter det i uttalen.

Saka held fram etter annonsen

Tryggleik

Blant tiltaka partia er einige om, er at fleire ledige omsorgsplassar skal takast i bruk anten som korttids- eller langtidsplassar, så fremt behovet er der.

– Vi veit dette vil ha ein kostnad utover det som ligg i budsjettet i dag, men den kostnaden er vi villige til å ta. For oss handlar det om at innbyggarane våre skal kjenne den tryggleiken dei skal ha. Vi vil dermed auke løyvingane til eldreomsorga, seier dei.

– Meir trykk

– Kvifor kjem dette no, få dagar før valet?

– Det er fordi innbyggarar og pårørande har kontakta oss om dette etter sommaren. Det har vore meir trykk om det både på stand og i andre samanhengar, svarer ordførar Harry Valderhaug til ØyBlikk.

– Nokon vil lure på kvifor initiativet ikkje har kome tidlegare?

– Ja, men vi har snakka om det i ein periode mellom oss fire partia. No ville vi signalisere at dersom det trengst meir ressursar, skal vi sørge for det.

– Plikt til å agere

Harry Valderhaug meiner Giske kommune for første gong på fleire år har høve til å gjere eit løft, både på grunn av to gode år med gode økonomiske resultat og eit disposisjonsfond som gjer det mogleg å handle.

– Det blir ikkje nødvendigvis eit tredje godt år, men det er vondt å gå med eit inntrykk av at vi treng meir ressursar inn i omsorgssektoren. Då har vi plikt til å agere, seier han.

Kan du minne lesarane på kvifor nokre plassar ved omsorgssentera ikkje har vore i bruk på ei stund?

– Då vi gjorde endringar var det mange ledige plassar på fleire av avdelingane. Det å frigjere turnusressursar var viktig då. Ingen av plassane blei nedlagd, men planen var at dei skulle takast i bruk igjen ved behov. Og no opplever vi at behovet er der. Skal ei full avdeling til for å ordne full kapasitet, er vi budde på det.

Uviss kostnad

Ordføraren veit enno ikkje kor mange millionar kroner det blir snakk om for å løfte tenestene opp i samsvar med behovet.

– Det kjem mellom anna an på kor fleksibelt det kan organiserast å ta fleire rom i bruk. Uansett vil vi gi midlar til å møte behov som oppstår; det gjeld både omsorgsplassar og ressursar til heimetenesta, seier han.

Er du redd for at dokker plutseleg brukar for mykje pengar, til dømes frå disposisjonsfondet?

Saka held fram etter annonsen

– Nei, eg er ikkje redd for å bruke meir på eldreomsorg. Det skal vi ha rom for.

Har fleirtal

Valderhaug erkjenner at det er kalkulert at dei fire partia står saman om lovnaden: Om dei fire partia sine representantar i noverande kommunestyre gir si tilslutning til forslaget, er dei nemleg i fleirtal med 14 stemmer.

– Formannskapet er første instans, så kan det bli ei sak til budsjettjusteringa i haust, seier ordføraren.

Formannskapet har møte 25. september, medan sitjande kommunestyre har møte 28. september før konstituering av nytt kommunestyre innan utgangen av oktober.

Giske kommune har – som dei sjølv har formulert – hatt eit «stort overforbruk innan pleie og omsorg dei siste åra». Omstillingsprosjektet «Strategi bu- og tenestetilbod helse og omsorg 2050» har mellom anna ført til at langtidsbrukarar ved avdeling Hustruhamna på Valderøya før jul i fjor blei flytta til andre avdelingar i kommunen.