Venstre, Høgre og Tverrpolitisk liste for Giske (TLG) synest ikkje noko om gårsdagens valkamputspel frå KrF, Frp, Sp og Ap. – Openbert at det er kalkulert, meiner dei tre partia.
I gårsdagens sak kom det fram at KrF, Frp, Sp og Ap vil «gjere ei endring straks» for å spytte inn meir pengar i ramma pleie og omsorg, til dømes for å ta i bruk fleire ledige kortids og langtids omsorgsplassar og få meir ressursar inn i heimetenesta. Utspelet kom etter eit møte partia hadde tysdag kveld denne veka, og var delvis basert på at dei meiner innbyggarar dei siste vekene har formidla spesielt mykje bekymring rundt omsorgstenester.
Venstre, Høgre og TLG meiner utspelet skuggar over at dei sjølv ønsker meir midlar inn i pleie og omsorg.
– Derfor kan ikkje dette utspelet stå ubesvart. Eg trudde ikkje det eg las i går, seier toppkandidat Olav Sindre Roald i TLG.
– At dei partia som har heldt igjen på midlar til omsorg gjennom heile året, går ut i lokalavisa på den måten og vil skåre poeng på at det er dei som vil ha millionar til omsorg i budsjettjustering i haust, er både uhøyrd og skuffande, held han fram.
– Men er ikkje dette ei gladsak, at dei fire partia no signaliserer at dei vil gjere ei budsjettendring snarleg?
– Det kan du seie, men litt reielegheit hadde eg venta, svarer Roald.
Ville auke ramma – tre av dei fire stemte imot
TLG understrekar at både Venstre, Høgre og dei sjølv ønsker å styrke eldreomsorga i budsjettet. Ved siste kommunestyremøte 15. juni blei det vedtatt å auke ramme 7 (pleie og omsorg) med rundt 2,2 millionar kroner, i tråd med formannskapet si innstilling. TLG ville eigentleg auke ramma med ytterlegare 6,8 millionar; her stemte Sp og TLG for, resten av politikarane stemte imot.
– Så, seks dagar før valet, snur dei fire partia 180 grader rundt og skal framstille det som at det er dei som skal berge eldreomsorga i Giske, seier ein oppgitt Olav Sindre Roald.
Ordførar Harry Valderhaug (KrF) foreslo i kommunestyremøtet 15. juni å utsetje vurdering av ytterlegare auke for ramme 7 fram til hausten, då politikarane har meir økonomisk oversikt enn berre første tertial. Hans forslag om ei ny budsjettendringssak til kommunestyremøtet 28. september blei einstemmig vedtatt.
Meiner det er valflesk
TLG meiner det sjeldan har blitt servert slikt valflesk i Giske kommune, at dei fire partia utnyttar situasjonen til å kome i posisjon på nytt igjen og «forlenger eit dårleg klima som har vore i kommunestyret i siste periode» inn i den neste perioden. Dei håpar innbyggarane gjennomskodar utspelet som reint valflesk.
– Kunne ikkje TLG tidlegare gått ut med eit utspel for å utfordre KrF, Frp, Sp og Ap på same sak?
– Det kunne vi gjort, men vi meiner det også er gjort gjennom ytringar i ØyBlikk og å fremme saka i kommunestyremøtet 15. juni. Meir pengar til omsorg er ei sak som eg føler alle veit at vi har gått i bresjen for, svarer Roald.
TLG får støtte av Kenneth Langvatn (H).
– Ja, denne «firarbanda» har tatt denne saka og rett og slett brukt ho som valflesk. Så er det ikkje slik at innbyggarar har ytra spesielt mykje uro rundt dette no rett før valet, samanlikna med tidlegare. Vi har hatt masse dialog med innbyggarar i lang tid, som ikkje berre gjeld pleie og omsorg, men heile bredda av politikken, seier Langvatn.
Han påpeiker at Høgre er på linje med dei andre partia når det gjeld meir pengar inn i pleie og omsorg.
– Men i møtet 15. juni var det store tal som kom på bordet, så vi ønskte også å vente til septembermøtet for å eventuelt legge inn meir auke, seier han og legg til:
– Vi må budsjettjustere, for det er openberre feilbudsjetteringar innan ramma pleie og omsorg.
– Spel for galleriet
– Vi føler oss litt misbrukt. Det er skuffande, og vi kan ikkje ha eit slikt kalkulert spel for galleriet. Veljarane må heller sjå på kva både Venstre, Høgre og TLG meiner om styrking av rammene til pleie og omsorg i programma sine, seier toppkandidat for Venstre, Marit Vik.
– Vil denne saka skape dårleg stemning på den tverrpolitiske valvaka måndag kveld?
– Nei, overhovudet ikkje. Vi er vaksne folk og veit kva vi held på med, svarer Marit Vik og får støtte frå dei andre.
Dei tre partia avsluttar med at dei no forventar ein ryddig konstitueringsprosess etter valet.
– Då må alle partia møtast for å snakke ilag og finne eit godt utgangspunkt, med opne kort, seier Olav Sindre Roald.
Les korleis ordførar Harry Valderhaug (KrF) kommenterer reaksjonane.