Ordførar Harry Valderhaug (KrF) seier til ØyBlikk fredag at han tar på alvor at utspelet om å styrke ressursane til eldreomsorga blir oppfatta som uhøyrd, skuffande og ureleieg.
– At det oppfattast som valflesk, er noko den som les kva vi vil med dette får avgjere. Vårt ønske var å svare ut dei mange og sterke tilbakemeldingane og behova for å styrke eldreomsorga, seier han på vegner av seg sjølv, Frp, Sp og Ap.
Valderhaug gjentar at utspelet handlar spesifikt om å styrke eldreomsorga med fleire ressursar til å ta i bruk fleire heildøgnsplassar ved behov samt til heimetenestene.
– Ein auke til helse- og omsorgssektoren utover det vi gjorde i juni (2,2 millionar) er noko vi har sagt vi skal ta opp i kommunestyremøtet i september, noko som blei vedtatt einstemmig i juni, legg han til.
Venstre, Høgre og TLG sa til ØyBlikk fredag morgon at dei også forventar ein ryddig konstitueringsprosess.
– Vi i KrF ønsker også ein open og god konstituering og inviterer gjerne til ein felles samtale både før valet, på valvaka og når valet er ferdig talt opp med personstemmer og alt, avsluttar ordføraren.
Les også: Lovar millionar til eldreomsorg