Reformasjon og døme på ting som ikkje skjedde
I dag er denne spalta open, til glede for nye lesarar!
30. oktober 1536 blei reformasjonen innført i Norge. Om det var bra eller dårleg eller ikkje? Neeei, det får vere opp til andre å avgjere, for å seie det slik ein fotballspelar ville gjort det. Uansett, same dag blei kongeriket Norge innlemma under den danske krona «til evig tid», gjennom kong Christian III sin Norgesparagraf. Vel vel, det varte jo nesten 300 år.
30. oktober er elles ein nokså lite spennande dato i verdshistoria, synest vi. Her er i staden nokre døme på ting som ikkje har skjedd:
- The Beatles gav aldri ut nokon ny singel eller album på denne datoen, så vidt vi veit. (Dei spelte visstnok heller aldri så vakkert som vinsjan på kaia, ifølgje ein festglad gjeng frå Namsos som skal få vere anonyme på trykk.)
- Vi er 99 prosent sikre på at ingen av fotballklubbane i Giske har spelt mot Barcelona på denne datoen!
- USA har enno ikkje starta nokon krig på denne datoen. (Men radiohøyrespelet War of the Worlds gjekk på radio for første gong 30. oktober 1938 og utløyste visstnok panikk i Sambandsstatane, då mange skal ha trudd dei høyrde ei ekte nyheitssending om invasjon frå verdsrommet. Vi seier «visstnok» fordi denne historia, ifølgje dei som har greie på slikt, er sterkt overdriven. Men det er jo ei god historie, lat oss ikkje øydelegge ho med slike atterhald!)
Som ein bonus bringar vi også denne gongen litt alternativt smånytt for nærsynte på Synes, frå spalta Under Lupa:
ORDHUGSENYTT: Ei ny ordhugsegruppe har nyleg starta opp på Synes. Det fortel initiativtakar Helga Motvind til Under Lupa. – Det begynte med at eg kom til å tenkje på ordet kaserne. Kva er no dét igjen? Det greidde eg rett og slett ikkje å hugse. Eg nemnde det for svogeren min, Bjart, som òg heilt hadde gløymd både dette og ord som bivuakk og furasje. So har det berre balla på seg, og no er vi seks-sju faste medlemar som møtest annankvar torsdag for å prøve å kome på kva desse og andre ord betyr, fortel Motvind med røyksignal frå Synesfjellet.
«Unyttig info om dagen i dag» er ei fast fakta- og humorspalte som ØyBlikk har trykt i papirutgåva i ei årrekke. Les meir unyttig info i papirutgåva og eavisa kvar veke!


