ØyBlikk
3 minutter lesetid

Nyfrelst motstandar, Leve Spitsbergen og Synesvågen Fisekor

Som ei julegåve frå unyttig-redaksjonen – og til glede for nye lesarar: I dag er denne spalta open for alle! Hurra!?

18. desember 1892 hadde balletten Nøtteknekkaren med musikk av sjølvaste Pjotr Tsjajkovskij premiere på Mariinskijteateret i Sankt Petersburg.

Saka held fram etter annonsen
Frå den første oppføringa av Nøtteknekkaren i 1892. Kva er det dei har pynta seg med? Det veit ikkje vi, men vi gjettar på grillspyd med marshmallows.

18. desember 1964 blei den amerikanske fribrytaren Steve Austin, alias Stone Cold Steve Austin, fødd. Eit anna kallenamn han har fått er visstnok «Austin 3:16» etter ein episode der han hånte ein nyfrelst motstandar. Han refererte då til Joh. 3:16, eit bibelvers vi tilfeldigvis fann på gresk: «Οὕτως γὰρ ἠγάπησεν ὁ θεὸς τὸν κόσμον, ὥστε τὸν υἱὸν τὸν μονογενῆ ἔδωκεν, ἵνα πᾶς ὁ πιστεύων εἰς αὐτὸν μὴ ἀπόληται ἀλλ᾽ ἔχῃ ζωὴν αἰώνιον.» Jepp. Dei som veit, dei veit. Eller: Dei som trur, dei veit. I alle fall dei som trur og har lese Bibelen ein gong eller tre. På norsk, altså. Eller gresk. Nei, no blei det litt Are Kalvø-aktig her. Nok om det!

18. desember 1987 blei programmeringsspråket Perl 1.000 sleppt av Larry Wall. *Gjeeesp* Hm? Kva slags språk av kven, sa du? Hummmm. Jaudå, men ikkje nok med det: nøyaktig ti år seinare, 18. desember 1997, lanserte World Wide Web Consortium HTML 4.0. Mhm. Steik kor trøytte vi blei no. Jajajajaja. *Streeeeeekkk* Neida, så det. Så slik er det og ja, nei, der er mykje rart. Nei, skulle vi tatt oss ein kaffitår?

18. desember er også fødselsdagen til m.a. filmregissør Steven Spielberg (f. 1946). Hm, no er det lenge sidan vi har hatt nokon artige anagram i denne spalta. Kan vi få noko ut av dét namnet? Ja visst: Vips Grensebelte, Leve Spitsbergen, Belg Svinepester, Bisneleg Treveps og ikkje minst Stig Beverpelsen, for dei som hugsar den historia frå rettssaka mot Agnar Mykle. (Ho er visst ikkje sann, men dét blæs vi i.)

Som julebonus tar vi med dagens Under lupa – Alternativt smånytt for nærsynte på Synes:

Saka held fram etter annonsen

KONSERTNYTT: Den tradisjonsrike romjulskonserten på Synesfjellet ser ut til å bli litt av ein godbit i år: Denne gongen har nemleg Synesvågen Fisekor fått med seg Gjøsund Disharmoniske Obokvintett og felles dirigent for kvelden, Brynjar Fjesing, lover gjenhøyr med kjende og kjære songar som «Det fiser i stille grender», «Winter Wunderbaum» og ikkje minst «Nordnorsk pulesalme». Vi gler oss!

«Unyttig info om dagen i dag» er ei fast fakta- og humorspalte som ØyBlikk har trykt i papirutgåva i ei årrekke. Les meir unyttig info i papirutgåva og eavisa kvar veke!