Las Cuatro Islas donde Dios les Quita el Sombrero a Todos og Goyaałé
4. september 1781 blei byen med det klingande namnet El Pueblo de Nuestra Señora La Reina de los Ángeles del Rio de Porciúncula (eller Byen til Vår Frue Dronninga av Elva Porciúna sine Englar), grunnlagd i provinsen Alta California i Visekongedømet Ny-Spania. Ja, du gjettar nok det noverande namnet på byen på den amerikanske vestkysten. Men spanjolane, altså. Hæ? Ikkje rart dei snakkar fort, når dei må bruke så himla mange ord! Skal tru kva spanske kolonistar ville ha kalla Giske i gamle dagar? Kanskje ville dei ha «hylla» vinden vi er så velsigna med her? Las Cuatro Islas donde Dios les Quita el Sombrero a Todos? Det høyrest no straks ganske triveleg og Syden-aktig ut. ¡Uno cerveza más, por farmor!
Apropos kolonialisme i Nord-Amerika: 4. september 1886 overgav apache-krigaren Geronimo (f. 1829) seg etter nesten 30 år i krig mot meksikanarar og amerikanarar. Det eigentlege namnet hans var forresten Goyaałé, som betyr Han som gjespar på chiricahuaene (apache-gruppa som velkjende Geronimo, Cochise og Mangas Coloradas høyrde til) sitt språk. Han som gjespar, det var jo for så vidt eit namn vi kan kjenne oss igjen i.
4. september 1965 døydde tysk-franske Albert Schweitzer (f. 1875), kjend som mellom anna lækjar, teolog, filosof, orgelkunstnar, musikkforskar og ikkje minst mottakar av Nobels fredspris for 1952. No manglar det berre at han også var kjempegod i fotball, så har vi ein bra irriterande type!

Bonus! I dag bringer vi òg ei nyheit frå papiravisspalta Under lupa:
HAIKUNYTT: Den anonyme, diktskrivande lesaren vår har sendt oss eit splitter nytt haikudikt! Det var lenge sidan sist. Ja ja, i det minste handlar det ikkje om flatulens denne gongen:
Frisk luft kring låret
Gul stråle i lyng og sol
verda slepper tak
«Unyttig info om dagen i dag» er ei fast fakta- og humorspalte som ØyBlikk har trykt i papirutgåva i ei årrekke. Les meir unyttig info i papirutgåva og eavisa kvar veke!

