Hemmelege e-postar avslører tauhus, gjenferd og Nobel-kopling
TAUNYTT: Seriemordar og hobbysnikkar Jan Midtrabatt Solseng (31) frå Indre Synes har bygd sitt eige hus utelukkande av hampetau. Huset er over 20 meter langt og halvannan meter breitt og det går overhovudet ikkje an å bu i det, fortel Solseng, som likevel skal ha greidd å selje huset sterkt overprisa til ein tidlegare leiar av Nobelkomiteen. Dette går fram av ein hemmeleg e-postkorrespondanse mellom Solseng, gjenferdet etter Beatles-manager Brian Epstein (1934-1967) og ei ikkje namngitt kronprinsesse.
Saka held fram etter annonsen
«Under lupa» er ei fast humor- og satirespalte i papirutgåva av ØyBlikk. Les meir i papirutgåva og eavisa kvar veke!


