ØyBlikk
3 minutter lesetid

Vigra IL blir truleg IL Valder 2

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

(Aprilspøk): Sidan Vigra ikkje maktar å stille lag til 6. divisjon på eiga hand i år heller, vil klubbleiinga inngå ein noko spesiell avtale med naboklubben IL Valder.

I år som i fjor skal A-lags-spelarane til Vigra opptre under namnet Vigra IL/Valder 2 i 6. divisjon avdeling 2.

Saka held fram etter annonsen
ANNONSE

Tidlegare denne veka spelte laget treningskamp mot Fjørtoft på Ravn stadion i Vatne.
– Ein kamp vi lett kunne ha vunne, endte med 3-5-tap, skriv Vigra IL på si Facebook-side.

Slik er oppsettet i årets 6. divisjon avdeling 2.

Begeret rann over

Vigra/Valder 2 hadde tre debutantar i stallen under denne kampen – alle sjølvsagt henta inn frå Valder. Det fekk begeret til å flyte over for klubbleiinga.
– Dette er ikkje haldbart i lengda. Det er ikkje noko poeng å vere eit eige idrettslag når ein heile tida må hente spelarar frå naboklubbar som eigentleg er rivalar, sa ein ikkje namngitt representant for hovudstyret i Vigra IL etter kampen.
– Det blir som å heile tida gå over til naboen for å låne kaffi når du kunne ha kjøpt han sjølv, la han til.

Troppen mot Fjørtoft var Marius A, Jonathan M, Christer A, Joakim M, Simen M, Karsten V, Mateo, Stian R, Tom S, Andreas R, Esrom T, Kristian V, Henrik B, Ruben J. Tre av desse var debutantar frå IL Valder. (Foto: Vigra IL)

Vil spreie seg

Etter det ØyBlikk kjenner til, skal saka opp i det ekstraordinære årsmøtet til Vigra IL i klubbhuset på Rota den 13. april. Då kan det ifølgje velinformerte kjelder bli snakk om å endre namn på Vigra IL til IL Valder 2. Det er leiinga i IL Valder positive til.
– Vi er absolutt ikkje framande for tanken! Å spreie IL Valder ut over fleire av øyane, har vi eigentleg kjempa for i mange år, seier ei Valdervoll-kjelde til ØyBlikk og legg til:
– Vi byr på kaffi kor som helst. Ein kan jo berre tenke seg kor IL Valder 3 og IL Valder 4 kan etablere seg i framtida.