Så langt har det nye året vore kaldt dei fleste stadar i Norge, og vi går inn i ei svært kjølig helg, særleg på Austlandet. Dette står i sterk kontrast til korleis fjoråret blir summert opp globalt: 2023 blei det varmaste året som er registrert. Kva skuldast det?
Det er sju forskarar ved Meteorologisk institutt (MET) som har stilt seg spørsmålet og sett nærmare på moglege drivarar for den rekordhøge temperaturen.
– Ingen fenomen gir så langt ei tilstrekkeleg, eintydig forklaring på det store spranget i temperaturen som er observert i 2023, uttalar Michael Schulz i ei pressemelding.
Han er klimaforskar i avdeling for klimamodellering og luftforureining ved MET. Schulz fortel at ei forklaring kan vere at fleire faktorar har falt saman og at det har blitt forsterka av naturlege såkalla tilbakekoplingar i jorda sitt klimasystem. Tilbakekoplingmekanismar er prosessar, naturlege eller menneskeskapte, som forsterkar eller bremser klimaendringar.
0,25 gradar varmare
2023 ligg an til å bli omtrent 0,25 gradar varmare globalt, samanlikna med 2022. Klimaforskaren meiner det delvis kan bli forklart med ein naturleg variabilitet, men at det truleg òg er andre årsaker. Eit endeleg tal for 2023 er førebels ikkje klart, men blir venta i løpet av dei neste vekene, kjem det fram av pressemeldinga.
Tidlegare i dette hundreåret har temperaturauken frå eitt år til det neste maksimalt vore rundt 0,2 gradar. I 1997–1998 og 2015–2016 sørga uvanleg kraftige El Niño-tilstandar for eit hopp frå året før på 0,15 gradar.
Frå La Niña til El Niño
Åra 2020–2023 var prega av ein langvarig La Niña som heldt jorda sin globale middeltemperatur i sjakk. Men sommaren 2023 blei han avløyst av ein ny El Niño, og då gjekk middeltemperaturen opp. Forskarane diskuterer no om styrken på El Niño har auka på grunn av klimaendringane.
Dei to vêrfenomena er den sterkaste bidragsytaren til år-til-år-svingingar i jorda sin middeltemperatur saman med store vulkanutbrot. Vanlegvis er eit El Niño-år 0,06 gradar varmare enn eit normalår.
– Vi får ein El Niño når store område aust og sentralt i Stillehavet er varmare enn normalt. Desse høge temperaturane gir også eit utslag i den globale middeltemperaturen. La Niña er El Niño sin motsats, forklarar klimaforskar og leiar for avdeling for modell- og klimaanalyse hos MET, Rasmus Benestad.
Undersjøisk vulkanutbrot
I januar 2022 var det eit massivt vulkanutbrot frå Hunga-Tonga sørvest i Stillehavet. Utbrotet slyngde store mengder vatn og partiklar høgt opp i stratosfæren. Vassdampen auka med ti prosent i stratosfæren.
– Det kunne ha bidratt til at temperaturen på kloden steig, men fleire forskarar har konkludert med at det er den avkjølande effekten av partiklar frå vulkanen som dominerte klimapådrivet. Vulkanutbrotet er derfor ikkje ein del av forklaringa på kvifor det blei så varmt i 2023, seier Michael Schulz.
Klimapådriv er eit samleomgrep for alle faktorar som kan bidra til klimaendringar.
Mange faktorar
I pressemeldinga frå Meteorologisk institutt blir det trekt fram ei rekke andre faktorar forskarane ser på med tanke på den høgare, globale temperaturen i 2023. Nokre av faktorane er:
- Solaktiviteten: – Solaktiviteten aleine har i beste fall ein veldig svak effekt på klimaet og kan derfor ikkje forklare kvifor 2023 er så varm, men kan ha bidratt litt, seier Benestad.
- Rekordvarme hav: Det er aldri før målt høgare temperaturar i havet enn det blei gjort i 2023. 40 prosent av havoverflata har i løpet av sommaren 2023 vore i ein såkalla «ekstremtilstand», også kalla marin hetebølge. Mykje av årsaka er El Niño og svakare atmosfæriske vindar enn normalt, ifølgje forskarane. Normalt er det ti prosent av havet som har ein slik tilstand under sommarmånadene.
- Auka utslepp: CO2 og konsentrasjonar av metan har nådd nye rekordmålingar i 2023. Utsleppa aukar jamt. – Tendensen indikerer at klimapådrivet frå klimagassar vil gjere at temperaturen vil halde fram med å auke med cirka 0,2 gradar kvart tiande år, seier klimaforskar i avdeling for klimamodellering og luftforureining hos MET, Ada Gjermundsen.
- Mindre refleksjon: Rundt 70 prosent av lyset frå sola blir fanga opp (absorbert) og er med på å varme opp jorda. Resten blir reflektert tilbake av luft, skyer og overflata på jorda. Forskarane ser no at jorda reflekterer mindre sollys tilbake til verdsrommet, som følgje av redusert albedo (flate- eller lekam-refleksjon) frå is, snø og skyer. Noko av årsaka til redusert albedo er altså at mykje sjøis og snø/is på land har smelta.
Meteorologisk institutt presenterte Klimastatus 2023 under eit arrangement hos Klima- og miljødepartementet i Oslo fredag morgon. Meir informasjon finn ein på met.no
SideBlikk er spalta der vi ser ut av kommunen vår – både regionalt, nasjonalt og globalt