Eit nyttig perspektiv på 17. mai fekk vi servert frå Valderøya sin eldste mann.
Det er grunnlovsdag. På Valderøya kjem Oddmund Urkedal rullande i verdig og fåmælt hastigheit til Pettervegen og plasserer seg elegant i krysset ved Bunnpris. Barnetoget som kjem ned svingane i Løkevegen har han sjølvsagt tenkt å få med seg. Han er tidleg ute.
Nokre smådrypp frå himmelen renn nedover vindauga på den elektriske, innebygde scooteren hans. Han bryr seg ikkje så nemneverdig om akkurat det.
– Det er svære greier at vi har fått eit fritt land etter andre verdskrigen. Vi veit jo korleis det var under krigen vi som er tilårskomne, seier han når han dreg vindauget til side og tilbyr eit breitt smil.
Under krigen var det ikkje tillate med 17. mai-tog.
97-åringen blei i 2019 tildelt medalje for si teneste i Tysklandsbrigaden etter krigen. Han fekk sjå skadeverknadene av krigen både i Norge og i Tyskland. I eit tidlegare intervju i avisa Nytt i Uka sa han at han verkeleg fekk sjå kva liding faktisk er.
Oddmund kikar ned for å finne ord.
– Vi har opplevd mykje meir, i eit langt liv, vi som er så gamle, seier han før tankebana tar ei anna retning:
– Ja, ja… Det er valdsamt med folk og hus som har vakse til på Valderøya! Eg likar å sjå på toget då, veit du. Eg kjenner så mange på øya som er fine å sjå på.
Så lukkar han vindauget og finn sin plass.
Les meir: Slik var 17. mai på Godøya, Giske og Valderøya
Les meir: Slik var 17. mai på Vigra