Tilsette og føresette i Skjong barnehage har laga ein heilt ny naturleikeplass i skogen ved gamle Skjong skule. Og det klarte dei på berre éin dag!
Barnehagen og føresette fekk god hjelp av Friluftsakademiet då dei brukte berre seks timar ein laurdag på å lage 11 forskjellige naturleikeapparat i skogen. Og leikeapparata kan seiast å vere heilt naturlege: Det er berre brukt tau og trematerial frå skogen.
– Vi var 26 føresette og tilsette som slo oss saman og laga dette med kyndig rettleiing frå Friluftsakademiet, fortel dagleg leiar i Skjong barnehage, Susann Sønderland.
Både hogging, kapping, saging, barking og tjoring blei gjort den same dagen.
Håpar det blir tatt godt vare på
Vippe, disse, netting, karusell, brannstang og bukkene Bruse-bru er berre nokre av apparata som er til fri bruk for alle som vil kose seg ute. Susann Sønderland håpar no at området og leikeapparata blir tatt godt vare på av lokalbefolkninga.
– Vi ønsker at apparata skal vare lenge, så sei gjerne ifrå til Skjong barnehage om noko ikkje er i orden, oppmodar ho og vektlegg at det er viktig med heilt trygge leikeapparat.
Pengar frå vårmesse
Prosjektet blei langt mindre kostbart enn det til dømes kostar å kjøpe inn tradisjonelle leikeapparat til uteområdet i ein barnehage.
– Kostnaden blei 13 500 kroner, og dei midlane fekk vi inn gjennom vårmessa vi pleier å ha. Det er pengar som går direkte til ungane i form av leiker og anna. Den messa er vi heilt avhengige av for vår økonomi, fortel Sønderland.
Barnehagen skal sjølv bruke området ofte, og etter kvart ønsker dei seg også ein gapahuk. Kunnskapen dei treng for å bygge både fleire leikeapparat og gapahuk finst no i foreldregruppa, meiner Sønderland.
– No har vi lært oss både riktige knutar og korleis ein lagar slike apparat. Får vi tak i material, så tar vi arbeidet på dugnad, avsluttar ho.