No blir det natteramning på alle øyane i kommunen. Initiativtakarane håpar å kome i gang allereie i løpet av skuleferien.
Det å vere natteramn handlar om å vere til stades for barn og unge når dei ferdast ute på kvelds- og nattestid, ta ansvar og vise medmenneskeleg omsorg.
Natteravnene i Giske hadde eit oppstartsmøte i førre veke. Med seg på laget har dei fått Stiftelsen Natteravnene og hovudsamarbeidspartneren Tryg Forsikring.
– Nesten 20 stykk møtte på oppstartsmøtet vårt. Det var utruleg bra! Og no har 42 personar meldt seg som natteramn via Spond-gruppa vår. Det viser at vaksne gjerne vil engasjere seg i å skape meir tryggleik i lokalsamfunnet og eit enda betre ungdomsmiljø, fortel Andreas Hesselberg som er initiativtakar og ansvarleg redaktør i ØyBlikk.
Natteramnane har sett saman ei styringsgruppe på fem personar, og dei har fått på plass ein avtale med Ernst Valderhaug om bruk av Frivilligsentralen til både utstyrsoppbevaring og møte. Tysdag i neste veke blir det eit informasjonsmøte opent for alle.
Viktig å bry seg
ØyBlikk har snakka med fleire som du vil sjå gåande langs vegane i kommunen som natteramnar. Dei var ikkje i tvil om at dei ønskte å vere med på initiativet.
– Vi må trå til alle saman, seier Christina Hessen.
For Tor-André Eiken er det viktig å bry seg om unge som ferdast utandørs.
– Det er det viktigaste, seier han.
Vibeke Rasmussen tenkjer at ein kan vere ute ilag med ungdommen i staden for å sitje heime og lure på kva dei held på med.
– Ikkje nødvendigvis vere ilag med våre eigne ungdommar, men sjå til andre sine òg, fortset ho.
– Vegen blir til medan vi går
Etter oppstartsmøtet sit Hessen igjen med eit inntrykk av at alle som deltok tenker veldig likt om situasjonen i Giske.
I utgangspunktet er det snakk om natteramning fredagar og laurdagar. Men korleis heile opplegget vil bli, er ikkje heilt fastsett endå.
– Derfor kallar vi inn til det nye møtet komande tysdag. Eg tenker at vegen blir til medan vi går, og det er viktig å kome raskt i gang, så får vi sjå kva for opplegg som blir best på kvar enkelt øy, seier Hesselberg.
Alt av nødvendig utstyr og jakker har dei no fått tilsendt frå Stiftelsen Natteravnene.
Ein trygg vaksen
Det er viktig at ungdommane ikkje ser på natteramnane som noko anna enn natteramnar, blir det vektlagt.
– Vi skal ikkje leike politi. Vi skal oppføre oss heilt normalt blant ungdommane. Med eit smil og ein kort prat kjem ein nok langt. Vi skal ikkje gripe inn i noko, men har hjelpeplikt om noko skjer, seier Hesselberg og viser til etiske retningslinjer som Stiftelsen Natteravnene har utarbeidd og som alle natteramnar skal følgje.
– Vi skal rett og slett vere trygge vaksne, oppsummerer Christina Hessen.
Andre som vil bli natteramnar er velkomne til å ta kontakt og bli med på møtet komande tysdag.
– Det kan jo ende opp med å bli den mest verdifulle kveldsturen du har gått, meiner Hessen.
Veronica Ytterland Finset seier at det å vere natteramn også kan hjelpe når det kjem til førebygging av hærverk. I tillegg kan ein også vere eit gode for barnehagar, unge og andre vaksne.
Stiftelsen Natteravnene er politisk og livssynsmessig nøytral.