Rundt denne tida forlet mange måkeungar reira sine. NOAH oppmodar folk om å vise omsyn og la måkane få vere i fred.
Mange misforstår måkane si åtferd som aggressiv, men dei prøver berre å beskytte ungane sine, påpeiker dyrevernorganisasjonen NOAH i ei pressemelding.
– Fleire måkeartar er trua, og det er viktig å gi dei rom til å fostre opp ungane sine, uttalar Siri Martinsen, leiar i NOAH og veterinær.
Kvart år ser NOAH at måkar og måkeungar blir utsette for vald. Martinsen oppmodar alle som er vitne til kriminelle handlingar mot måkar om å dokumentere desse og kontakte politiet eller NOAH.
Skapar hat
NOAH ber også media om å ta ansvar og unngå negativ omtale av måkar. Dei meiner at negativt fokus kan skape hat mot desse fuglane og andre kystfuglar.
– Media bør bidra til større forståing for kvifor kystfuglar trekkjer til byane. Fleire artar er i tilbakegang på grunn av alvorleg matmangel i havet, overfiske, utbygging og anna menneskeleg aktivitet. Då er det viktig at menneske viser toleranse overfor fuglane som vi sjølv har fordrive frå deira naturlege habitat, avsluttar Martinsen.
ØyBlikk kan stadfeste at vi ikkje hatar måkar. Ikkje heile tida, i alle fall…