ØyBlikk
3 minutter lesetid

Lanserer beredskapskurs for norske lokalaviser

Utsyn, senter for sikkerheit og totalforsvar, i samarbeid med Landslaget for lokalaviser (LLA), lanserer eit omfattande prosjekt for å styrke kompetansen på sikkerheit, forsvar og beredskap i norske lokalaviser.

Norge står overfor det mest komplekse og krevjande sikkerheitspolitiske landskapet sidan andre verdskrigen. På få år har sikkerheitspolitikk gått frå å vere noko for dei spesielt interesserte i utvalde delar av samfunnet, til å bli ein del av kvardagen for alle – i bygd, forstad og by, langs fjordar og på den ytste øya.

Saka held fram etter annonsen

I samarbeid med Landslaget for lokalaviser (LLA) skal Utsyn, senter for sikkerheit og totalforsvar, det neste året reise rundt og besøke ei rekke norske lokalaviser. Her skal dei undervise i korleis ein betre kan dekke sikkerheit, forsvar og beredskap, og leite fram spanande saker om temaet i lokalmiljøet, kjem det fram av ei pressemelding frå LLA.

Målet er å sørgje for meir kritisk og undersøkande journalistikk på feltet, og samarbeid på tvers av aviser. Lokalavisene blir òg inviterte inn i eit eige alumni-nettverk for utveksling av erfaringar og vidare samarbeid.

– Stiller nye krav

LLA og dei 130 medlemsavisene – deriblant ØyBlikk – er Utsyn sin partnar i prosjektet. Politiets sikkerhetstjeneste og Forsvaret deltar på kursa etter førespurnad frå Utsyn.

– Ved å styrke lokalavisene sin kompetanse på sikkerheit, byggjer vi ei kollektiv motstandskraft som sikrar at demokratiet fungerer slik det skal, også i krisetider, uttalar Ingrid Vik, dagleg leiar i Utsyn, i pressemeldinga.

– Med tanke på den krevjande sikkerheitspolitiske situasjonen Norge står i no, er vi svært glade for at kompetente fagfolk kan gi lokalavisene kunnskap og verktøy til å dekke dette feltet betre, uttalar Tomas Bruvik, generalsekretær i LLA.

– Norge skal investere enorme summar i sikkerheit og forsvar dei neste åra. Det stiller nye krav til journalistar. Norske lokalaviser er ein av dei viktigaste grunnsteinane i demokratiet, og avgjerande for eit sunt, faktabasert og ope ordskifte, skriv dei vidare i pressemeldinga.

Saka held fram etter annonsen

Ein del av totalberedskapen

Regjeringa har gjennom satsinga på totalberedskap definert at heile samfunnet må bidra til nasjonal motstandskraft. Journalistikk er i dag ein del av Norges totalberedskap.

– Vi skal ruste journalistar med dei verktøya som trengst for å gjere nasjonale og internasjonale trusselbilde relevante for lokal journalistikk. Målet er å sørgje for meir og betre journalistikk om dei truslane og farane det norske samfunnet står overfor dei komande åra. Lokalavisene har eit unikt og svært viktig samfunnsoppdrag, uttalar Amund Trellevik, journalist og prosjektleiar.

LLA organiserer lokalaviser frå Svalbard i nord til Lindesnes i sør. Ein omfattande reiseturné skal gjennomførast dei neste 15 månadene. Dei første lokalavisene vil få kursinvitasjon i løpet av mars. Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Amediastiftelsen.