Mange tok ein stopp i Øvre Nordstranda på Valderøya søndag for å støtte ei god sak.
Mina hadde, saman med faren Erlend, rigga opp ein gatebutikk ved vegen. Der selde ho kaker, kaffi, klubber, saft og andre godsaker i nokre godvêrstimar.
Saka held fram etter annonsen
Pengane gjekk til barnedemens-saka, og kioskvert Mina var tydeleg nøgd, ifølgje ØyBlikk sin utsende fotograf på staden.
Ifølgje fotografen var veldig mange, både barn og vaksne, innom gatebutikken i finvêret.