Året ifølgje ØyBlikk
ØyBlikk oppsummerer 2025 – før året er omme.
Årets podkast:
Wolfgang Wee Uncut – fordi dei lengste episodane i 2025 kunne brukast som tidsmålar for både langtidsheving av brød og middels lange togturar.
Årets nettside:
YR.no – sidan heile landet sjekka vêret kvart tiande minutt gjennom den raraste sommaren i manns minne.
Årets TV-serie:
House of the Dragon sesong 2 – blant dei mest sette og best likte seriane i 2025.
Årets nedtur:
Inflasjonen som nekta å gi seg heilt – litt som den eine naboen som alltid kjem innom for «berre ein kopp kaffi».
Årets kos:
Heimekveldar med strøyming og brettspel – ein trend som har vakse vidare etter pandemien og har etablert seg som ein moderne norsk standard for kvardagskos til erstatning for sosial omgang.
Årets siger:
4-1 borte mot Italia. Sjølvsagt!
Årets mat:
Taco (igjen) – fordi nordmenn i 2025 gjekk frå «tacofredag» til «tacolivsstil».
Årets hobby:
Sjølvberging i hagen – eit fenomen som auka dramatisk etter at folk oppdaga prisen på paprika i april.
Årets ord:
«Prompting» (ikkje promping!) – fordi alle prøver å snakke til kunstig intelligens som om det var ein litt sær, men genial og pedantisk slektning à la Rain Man.
Årets uttrykk:
67 (six-seven), med sin absurde popularitet og memestatus. Utropt til Word of the year av Dictionary.com.
Årets opptur:
Framgangen for forskinga på JNCL/nevrogenerative sjukdommar, med professor Magnar Bjørås i spissen.
Årets helt:
Heile familien Blindheim frå Valderøya, for synleggjeringa av JNCL og openheita dei deler i boka «Syver».
Årets tapar:
Den gode nattesøvnen – tapt til skjermbruk, politikardebattar og «berre éin episode til».
Årets vêr:
2025-sommaren med atmosfæriske elvar, litt sol, litt storm, kanskje hagl – altså heilt normalt, men alle blir jo like overraska kvar gong.
Årets utrulegaste:
Ein mann er i live seks månader etter at han fekk transplantert ei nyre frå ein genmodifisert gris.



