ØyBlikk
4 minutter lesetid

Ærlege blikk frå ein niandeklassing

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Førre veke var Oleanna Godø Oftedal frå Giske ungdomsskule utplassert hos ØyBlikk. Her er noko av det ho festa til minnekortet.

Oftedal går i 9. klasse og har hatt som oppgåve å ta ymse foto som ØyBlikk treng til sitt fotoarkiv. Ho har også fått høve til å vere kreativ for å sjølv finne objekt å ta bilde av. Dessutan har ho fått demonstrert korleis ein behandlar bilda, brekker papiravis og trykkar opp eit hefte. Det heile resulterte i eit flott sluttprodukt med både bilde og dagbok frå arbeidsveka.

Saka held fram etter annonsen

Det fine med å ta bilde, er at ein sikrar augeblinken for æva – både til fortviling og til forlysting. Utan bilde som verktøy, kan det bli vanskeleg å dokumentere sanninga på ærleg vis. Bilde er dokumentasjon på ei usminka sanning, i alle fall så lenge ein ikkje tuklar med bilda. Vi kan garantere at desse bilda ikkje er KI-genererte på noka måte. Einaste endring som er gjort, er å sladde eit bilnummer av personvernomsyn.

Vi takkar Oleanna for at ho ville ha arbeidsveke hos ØyBlikk.

Fugleliv i Makkevika på Giske. (Foto: Oleanna Godø Oftedal)
Restar av dyreskrottar funne ved Sørestranda på Vigra. (Foto: Oleanna Godø Oftedal)
Sykkel dumpa ved Sandhøla på Vigra. Denne er nok ikkje brukbar lenger. (Foto: Oleanna Godø Oftedal)
Ein liten ekskursjon til Lillevatnet i Spjelkavika. Her blei det observert både stokkender, svaner og kvinender. (Foto: Oleanna Godø Oftedal)
Det er ikkje berre dumpa avfall i Sandhøla på Vigra; her er teikn på aktivitet frå sandsvaler. (Foto: Oleanna Godø Oftedal)
Bussjåførane på Ytterland kan stadig støyte på ymse utfordringar (forhåpentleg ikkje bokstaveleg talt). (Foto: Oleanna Godø Oftedal)
Det er (heldigvis) byggeaktivitet i Giske. Her ved Syvermarka på Valderøya. (Foto: Oleanna Godø Oftedal)