ØyBlikk
2 minutter lesetid

Madelen er ny frilansar

ØyBlikk ønsker Madelen Wiik (17) velkomen som ny frilansar.

17-åringen er busett på Valderøya og går medieproduksjonslinja ved Ålesund vidaregåande skule. Dette skuleåret har ho praksis hos Bypatrioten, og no skal ho altså inngå i frilansar-stallen i ØyBlikk.

Saka held fram etter annonsen

– Det er kjekt å kunne vere ute som journalist, for då får ein med seg mykje av det som skjer og får prata med folk, seier ho om kvifor ho kontakta ØyBlikk for å bli frilansar.

Ho meiner det vil vere lærerikt og noko ho kan dra nytte av i utdanninga:

– Vi lærer mellom anna om innhaldsproduksjon. Det å skrive saker, ta bilete og filme for lokalvisa er jo nettopp det.

Madelen skal hovudsakeleg skrive saker om ting som skjer i lokalsamfunnet i Giske, og det kan bli spesielt fokus på tema som ungdom er opptatt av. Ho er glad i å ta bilete, og ho vil gjerne bli med på å ta i bruk videoklipp flittig.

Etter at ØyBlikk starta opp satsinga på videoklipp i høgdeformat i april i år, har vi publisert 2-3 videoklipp per veke i snitt. Klippa blir publisert på nettavisa, Facebook, Instagram og TikTok. På TikTok har vi hatt 97 000 visningar sidan oppstarten.