ØyBlikk
3 minutter lesetid

Ina Giske er ny frilansjournalist i ØyBlikk

Valderøyingen skal skrive reportasjar ved behov, og får truleg bryne seg på nokre portrettintervju.

ØyBlikk utvidar frilansar-stallen med Ina Giske. Mange kjenner ho som ein brennande samfunnsengasjert miljøforkjempar og forfattar. Ho har tidlegare vore politikar, både lokalt og regionalt. I dag har ho ikkje nokre politiske bindingar som gjer at ho ikkje kan bidra som frilansjournalist for ØyBlikk.

Saka held fram etter annonsen
ANNONSE

– Eg gler meg til å få vere med på å synleggjere enda meir av det som skjer i den flotte kommunen vår, seier den nye frilansaren som er oppvaksen på Godøya men no er busett på Valderøya. Ho legg til:

– Eg er veldig glad i lokalsamfunnet mitt og har på mange måtar éin fot på kvar øy. Eg har også jobba som lærar på Giske i mange år og har budd der ein kort periode. Dessutan er eg ofte på Vigra og går tur med hundane mine!

Elles er Ina Giske utdanna adjunkt og spesialpedagog, og ho er masterstudent i bioøkonomi.

God lokalkunnskap

At Ina Giske har 16 års fartstid som politikar og kjenner Giske kommune og dei lokale forholda godt, er berre av det gode, meiner redaktør Andreas Hesselberg:

– Ho har god kunnskap om samfunnsmessige forhold generelt og om lokalsamfunnet vårt. Dette kan vi dra nytte av i ØyBlikk, seier han.

Saka held fram etter annonsen
ANNONSE

Ina Giske snakkar varmt om lokalavisa, som i år fyller 40 år:

– Eg har alltid sett på ØyBlikk som den viktigaste arenaen for å vise fram alt det spanande og viktige arbeidet som skjer rundt om i kommunen, både i det frivillige, i næringslivet og ikkje minst blant ungdommane våre, avsluttar ho.

Eventuelle engasjement og verv Ina Giske har i selskap, organisasjonar eller frivilligheita, vil avgrense sakene ho skriv om i ØyBlikk. Ho vil ikkje få tildelt politiske saker eller andre saker som kan gi grunnlag for interessekonflikt i høve Vær Varsom-plakaten pkt. 2.2. Hovudsakeleg vil ho mellom anna skrive reportasjar, noko samfunnsstoff og portrettintervju.