Opplagstala for andre halvår 2022 er klare: ØyBlikk har fem prosent nedgang frå andre halvår 2021. Redaktøren meiner at dette vil snu i løpet av 2023.
Mediebedriftenes Landsforbund la fram opplagstala torsdag. Det totale avisopplaget i Norge fell for første gong sidan 2016, med ein tilbakegang på 0,5 prosent frå andre halvår 2021 til andre halvår 2022. Samstundes held lokalavisene fram med ei auke av det heildigitale opplaget, ei auke på heile 17,8 prosent.
ØyBlikk har ein reduksjon frå 1195 til 1131 i opplagstalet i nemnde periode, noko som utgjer fem prosent nedgang.
Mange nye abonnentar
– Dette talet er ikkje for avskrekkande, og det kjem heilt klart til å snu. Vi forventar å sjå ein oppgang når opplagstala for 2023 kjem. Den splitter nye nettavisa vår er berre éin månad gamal, og vi har fått mange titals nye abonnentar dei siste vekene. Det er vi veldig glade for, seier redaktør i ØyBlikk, Andreas Hesselberg.
– Likevel er vi sjølvsagt avhengige av at innbyggarane i Giske er med på laget for å behalde lokalavisa. Vi må også halde fram med å treffe godt – og gjerne enda betre – med stoffet vi produserer. Tilsettinga av ein journalist, som truleg er rett rundt hjørnet, vil også gi oss betre kapasitet til å gi våre lesarar det stoffet dei fortener, held han fram.
Fjerde minst
Av dei minste lokalavisene i Norge er det Hammerfestingen (-23%), Øyposten (-21%), VestnesAvisa (-14%), Våganavisa (-13%) og Frolendingen (-12%) som har mest nedgang. Desse har eit opplag på mellom 1156 og 1462. Dei minste lokalavisene med størst auke, er Steinkjer24 (51%), Avisa Lofoten (46%), Meråkerposten (45%), Mitt Kongsvinger (34%) og Totens Blad (16%).
Norges minste lokalavis i opplag per andre halvår 2022 er Midsundingen, med opplag på 1010, medan ØyBlikk er fjerde minste lokalavis.