Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om det dei kallar eit gigantisk lågtrykk frå vest. Dette vil vi merke ganske kraftig allereie frå i natt.
Tysdag føremiddag er det stille før stormen i øykommunen vår, men det kan løne seg å sikre hagemøblar og andre lause objekt før kvelden kjem.
Frå i natt er det nemleg meldt om vindkast opp mot 25 meter per sekund frå sør, dreiande mot sørvest, samt store nedbørsmengder. Det kan òg bli torevêr onsdag kveld. Vind og regn ser ikkje ut til å roe seg før fredag.
Lågtrykket vil prege det meste av fastlandet, ifølgje meteorologane. Det er venta mykje nedbør, enkelte stadar 50-80 mm per 12 timar. Det er òg varsla høge bølgjer inn mot kysten dei neste dagane, og meteorologane oppmodar folk til å vere forsiktige.
Slik er 24-timars-varselet for Møre og Romsdal:
Auke til sørvestleg sterk kuling til liten storm utsette stader, tidlig onsdag føremiddag forbigåande full storm på kysten i sør. Regn, snøgrense stig til 800-1000 meter. Frå onsdag ettermiddag vestleg periodevis sterk kuling utsette stadar. Regnbyger, snøbyger 600-800 meter. Utrygt for torevêr seint onsdag kveld.